Om Stryn
Vakre Stryn
Den vakre og storfelte naturen i Indre Nordfjord har gjort Stryn til ein av dei store turistkommunane i Noreg. Briksdalsbreen i Olden er eit av dei mest besøkte turistmåla i landet. Lodalen, som vert rekna som ein av dei vakraste stadane i Norge, er også ein stor naturattraksjon.
 
Stryn kommune ligg inst i Nordfjord der fjella stig mot breen. Her bur om lag 7.000 innbyggarar, derav om lag 3.000 i Stryn sentrum. Stryn kommune dekkjer eit område på heile 1.382 kvadratkilometer, og er innfallsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark. I 2008 fekk Stryn status som nasjonalparkkommune.
 
Primærnæringane, industri og turisme er dei viktigaste levevegane i Stryn kommune. Både nasjonale og internasjonale merkenamn har sitt rotfeste i Stryn.
Turisme i Stryn
Stryn består av fleire bygdelag. Heilt i fjordenden ligg Loen og Olden med sine dalar som fører inn til Jostedalsbreen, og reiser du vidare utover fjorden på sørsida kjem du til Innvik og Utvik. Rett over fjorden ligg Nordsida og Markane. 
 
Aktivitetstilboda er mange og dei mest spennande er knytt til breen, med sommarskisenter og brevandring. Sidan 1860 talet har det vore turistar i bygdene og ein har lange tradisjonar for å ta vare på gjestene som kjem på besøk. Lindeblada i kommunevåpenet kjem av at den største lindeskogen i Europa som ligg i Flostranda i Stryn. Vi kan og skilte med å ha ein Nasjonal Turistveg i kommunen vår, Gamle Strynefjellsvegen (rv 258). Den nærare 110 år gamle vegen slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk, og var lenge det einaste sambandet mellom aust og vest, på denne vegen får ein fortsatt følelsen av å køyre på gamal ferdaveg. 
 
Olden er kjend som ei populær cruisehamn, og kvar sommar kjem store cruisebåtar inn fjorden. Summen av dette gjer Hydla til ei attraktiv hyttegrend sommar som vinter!