Utbyggjar:
Stryn Trelast AS
Grandevn. 4
6783 Stryn

Hydla hyttegrend -sommar og vinter


39 hytter i flott natur 400 m.o.h. Stryn er eit handelsenter og har fleire restauranter. Hydla hyttegrend ligg ca 3 km frå Stryn sentrum.

I området rundt grenda er det mange fine stiar til sætrar og fiskevatn. Ein kan gå direkte frå hytta på fjellturar både til fots og på ski opptil 1400 m til m.a. Karifjellet, Natakupa og Gryta.

I Stryn kan du stå på ski heile året. Nokre hundre meter frå hyttene ligg Stryn skisenter med skiheisar, barnetrekk og kafe. Om sommaren kan du stå på ski på sommarskisenteret. Sjå meir om aktivitetar her.

Mange kilometer med skiløyper, og lysløype, går like ved hyttegrenda. Inne i grenda er det lagt opp til hyttetun og friområde. Ved Vikaelva ligg ein felles rasteplass.

I Hydla hyttegrend kan du bruke hytta di både sommar og vinter.